Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Trusgrunnlag

Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn (DELK) vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og bygger på Bibelen som Guds inspirerte, ufeilbare og truverdige ord og er den overordna norma og kjelda for tru, lære og liv.
Vi meiner at følgande vedkjenningsskrifter uttrykker hovudpunkta i Bibelen: Den apostoliske, nikenske og athanasianske trusvedkjenninga, Den augsburgske konfesjonen og Luthers vesle katekisme.
Bibelen og desse vedkjenningsskriftene forpliktar alle menigheter, tillitsvalde, tilsette og medarbeidarane i DELK (sjå DELK sine Grunnreglar § 1).
Vi ønskjer i tillegg å understreka følgjande:
  • Vi trur at Guds ord, forkynt som lov og evangelium, er det verkemidlet Gud brukar når han samlar og bygger si menighet.
  • Vi trur at vi blir Guds barn og rettferdiggjort for Jesu skuld ved trua åleine, og at frelsa eine og åleine er Guds verk og ikkje gjerninga vår. Ein kristen er samstundes syndar og rettferdig, og er både heilt og fullt fri frå lova, samstundes som han elskar og innrettar seg etter Guds heilage lov.
  • Vi trur at Guds Ande vert gjeven gjennom Guds ord og sakramenta. Guds folk vert difor kjenneteikna ved at dei samlast om nådemidla, som er Guds ord, dåp og nattverd.
  • Vi trur at det kristne livet består i å følge Jesus når vi lever i Anden. Ein kristen lever eit liv i takk, lovsong og tilbeding til Gud og i kjærleik til nesten sin gjennom formidling av Guds ord og diakonale kjærleiksgjerningar.
DELK sine grunnreglar og andre viktige ressursdokument finn du i ressursbanken vår.