Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Nyheitsbrev for april

Me har no feira påske i kyrkjelyden. Den store festhøgtida i kyrkjeåret der me feirar at Faderen reiste opp Sonen. No er me i ei av Kristus-høgtidene i kyrkjeåret, ei tid med vekt på fest og glede.

 

Påska i kyrkjelyden

Det var kjekt å få vera med på eit tradisjonelt påskemåltid. DELK og Norkirken (Elimforsamlinga) arrangerte det i lag. Stor takk til alle som bidrog med ei teneste for å få dette til! Her fekk me høyra tekstar frå utfriinga frå Egypt, og smaka oss gjennom påska. Dei fire begera blei drukke, og det tredje beger, signinga sitt beger, var ei nattverdfeiring.

 

Fyrste påskedag var me samla til feiring og fest. Kristus er oppstanden. Ja, han er sanneleg oppstanden! Eit påskelys, med fleire greske bokstavar, blei tent. Det blir tradisjonelt tent påskenatt. Lyset er smykka med kristogrammet, chi og ro. To greske bokstavar som er dei fyrste i Kristus. Det har og bokstavane alfa og omega. Fyrste og siste bokstav i det greske alfabetet.

St. Hans-stemnet, program for hausten og transport

Det ser ikkje ut til å vera stor interesse for felles buss og overnatting etc. Dersom du tenkjer deg bort til St. Hans-stemnet så gjerne gje beskjed så me veit om me er fleire. Freist for påmelding til buss er 15.05 til meg.

Programmet for hausten kjem snart ut. Det som allereie kan nemnast er at det blir to gudstenestar i Brekko friluftskapell ca 35 min frå Sandnes sentrum. Dette er tenkt som ein kyrkjelydsdag der me kan vera saman om ulike aktivitetar. Den andre meir for å promotera kyrkjelyden i distriktet. Transport skal ikkje vera eit problem. Dersom du treng transport, så ta kontakt med meg så organiserer eg det.

 

Nettsider

Dersom du lurer på om det er gudsteneste, så kan du sjå på heimesida vår. I kalenderen blir det lagt inn eventuelle andre arrangement òg.

 

Samtale og sjelesorg

Av og til i livet kan det vera godt å samtala med ein prest. Dersom du har behov for dette så ta kontakt med presten på 994 37 351 eller tage.emil.djoeseland@delk.no.

 

Avsluttande helsing

Ei sentral sanning i luthersk kristendomsforståing er Kristus for deg. Trua er ikkje ein prestasjon eller noko du skal produsera sjølv, nei, det er noko som kjem til deg og blir gjeve deg i gåve av Den Heilage Ande. Dette manar til audmjuke og takksemd. Så er denne gåva også til deg. Gjeve til deg av han som gav seg sjølv for deg.

Med venleg helsing

Tage Emil Djøseland, prest