Jesus og Maria frå Betania hadde eit spesielt forhald. Syster til Marta og Lasarus. Opplevd store ting saman med Jesus. Broren reist frå dei døde. Likevel så hadde Maria eit ynskje som var vevd saman med Herrens vilje. Ho ville vera der han var. I Lukas 10,39 står det: «… og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.» Jesus kommuniserer gjennom heile sine handlingar ein sterk bodskap til læresveinane sine. Han vil leva med dei.
Før Jesus skulle døy så salva ho han med dyr salve. I Johannes 12,1-11 les me om dette. Her kjem ho og smør han med salve verdt umåteleg mykje, provoserande mykje. Læresveinane, med Judas i spissen, kava seg opp og sette foten ned. Maria derimot, uttrykte sitt indre liv til Kristus i eit mannstungt kveldsmåltid og salva hovudet og føter. Ja, ho salva han med det som meir dyrebart var for Jesus, nemleg tårene sine. Sorgtårer over døden som venta meistaren hennar, men og tårer av takksemd over at han har gjeve henne livet i gåve.
No er det snart sommar og ferietid for mange. Ei tid der det for mange endrar seg med andre rytmar og rammer. Ei tid somme synest er kjekk andre krevjande. Men oppe i alt dette skal du få gjera som Maria å få tru at Kristus kjem til deg gjennom ordet. Han er nær. Han vil møta deg der, i bøna og stilla. Kanskje sommaren, skjult, kan bli ei rik tid?
Med ynskje om ei velsigna sommar i Kristus!
Tage Emil Djøseland, prest i DELK Dalane og Jæren