Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Kyrkjelydstur til Brekko friluftskapell 24.08.

Sundag 24.08. går turen til Brekko friluftskapell. Der blir det gudsteneste med nattverd, opplegg for borna under gudstenesta, og grilling i etterkant. Gudstenesta startar 11:00. Her er litt meir utdjupande om dei ulike punkta.

Brekko friluftsområde ligg i Gjesdal kommune ca. 40 min frå Sandnes sentrum. Dersom du treng transport, ta kontakt med Tage Emil Djøseland på 994 37 351 eller tage.emil.djoeseland@delk.no som organiserer transport. Det er ei parkeringsavgift som ein kan betala via vipps der oppe.

Sjølve gudstenesta foregår i eit kapell innandørs. Det er toaletter der, og andre fasilitetar.

Etter gudstenesta ynskjer me å tilbringa tid saman som kyrkjelyd. Det blir varme grillar, men du må ta med grillmat og drikke sjølv. Grillinga blir rett etter gudstenesta. Då det er eit område eid av Jæren friluftsråd, kan det vera andre folk i gapahaukane der.

Etter at me har grilla, så kan somme gå ein tur i lag i området. Det er tilrettelagt for rullestol. Andre kan sitja att og samtala og drikka kaffi, og borna kan leika i lag i skogen. Det er fleire høve, men det blir enkelt slik at me kan ha god tid til kvarandre.

Meir info om sjølve tunet finn du her: Friluftstunet i Brekko.

Brekko friluftstun