Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Nyheitsbrev mai

Me har no feira påske i kyrkjelyden. Den store festhøgtida i kyrkjeåret der me feirar at Faderen reiste opp Sonen. No er me i ei av Kristus-høgtidene i kyrkjeåret, ei tid med vekt på fest og glede. Det var fint å vera samla 2. påskedag for å feira Kristus saman. Påska der me minnest det som er kjelda som kristenlivet vårt renn ut frå, det at Jesus sigra over døden. Ei påskesalme eg er glad i er nr. 98 – Jesus lever, graven brast, skrive av Nordahl Brun. Her er det siste verset:

Jeg har vunnet, Jesus vant,

døden oppslukt er til seier.

Jesus mørkets fyrste bandt,

jeg den kjøpte frihet eier.

Åpen har jeg himlen funnet,

Jesus vant, og jeg har vunnet!

Nytt frå kyrkjelyden

Det pågår eit eldsteval i kyrkjelyden. Det er no gått videre til andre valomgang. Dette blir kunngjort på gudstenesta 11.05., og frist for å stemma er etter gudstenesta 08.06. Dersom du har spørsmål kring dette, ta kontakt med meg eller Per Emanuel Valand.

St. Hans-stemnet og program for hausten

Det ser ikkje ut til å vera stor interesse for felles buss og overnatting etc. Dersom du tenkjer deg bort til St. Hans-stemnet så gjerne gje beskjed så me veit om me er fleire. Freist for påmelding til buss er 15.05 til meg. Til hausten så vil me halda fram med samlingar i DELK-regi i oddetalsveker. Fredag 12.09 kjem Ove Eikje på eit møte og fortel frå boka si «Da Gud grep inn». Programmet kjem snart. Det blir jobba i styret med å få til temasamlingar ein gong med innlegg og samtale. Meir info kjem.

Nettsider og sosiale medium

Dersom du lurer på om det er gudsteneste, så kan du sjå på heimesida vår. I kalenderen blir det lagt inn eventuelle andre arrangement òg. Stor takk til deg som gjer ein god jobb med promotering i sosiale medium. Målet er å promotera DELK Dalane som eit evangelisk-luthersk alternativ i regionen, og vonar at nokre nye ansikt dukkar opp.

Samtale og sjelesorg

Av og til i livet kan det vera godt å samtala med ein prest. Dersom du har behov for dette så ta kontakt med presten på 994 37 351 eller tage.emil.djoeseland@delk.no.

Avsluttande helsing

Ei sentral sanning i luthersk kristendomsforståing er Kristus for deg. Trua er ikkje ein prestasjon eller noko du skal produsera sjølv, nei, det er noko som kjem til deg og blir gjeve deg i gåve av Den Heilage Ande. Dette manar til audmjuke og takksemd. Så er denne gåva også til deg. Gjeve til deg av han som gav seg sjølv for deg.

Med venleg helsing

Tage Emil Djøseland, prest