Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Nyhetsbrev oktober

Me har no nett byrja på oktober. Det er mørkare om kveldane og heimane må varmast opp. På sundag er me komne til 17. sundag i treeiningstida. Denne dagen blir kalla for hausten sin påskedag. Jairus’ dotter blir reist opp. Jesus er sigerherre over døden, og orda frå Johannes 11,25-26 er sanne i møte med døden: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

 

Andaktar på nettsida

Hans-Henrik har teke på seg å finna andakter som me legg ut på nettsida. Det kjem ei ny for kvar månad, og den finn du under «Aktuelt». Her prøver ein å velga ut eit godt utval av klassiske andaktstykker som løfter fram Kristus og løfta me er gjevne. Her finn du oktoberandakta.

 

SelaTreff

Sela, sa du? Sela er eit ord i bibelen som me finn i salmenes bok, som me ikkje veit heilt kva tyder, men er forstått slik at me stoppar opp, tenkar og eksisterer i det som me nettopp las. Kyrkjelyden har byrja med SelaTreff etter initiativ frå den yngre garden, og det var verkeleg flott å vera der. Det byrja med lovsong før Hans Olav Østebrød presenterte kveldens tema: Sju myter om singellivet, ei bok av ein pastor med namn

Sam Allberry. Deretter var det tid for pizza med samtale rundt bordene, før det vart ein panelsamtale til slutt. Neste samling er ved Johannes Kleppa den 22.10. klokka 19:30, og alle er velkomne!

Denne flotte logoen og bilete er laga av Ramina Høyvik.

 

Eldsteinnsetting

14.09.25 var det eldsteinnsetting av Geir Høyvik. Det var etter rapportane eg fekk ein flott gudsteneste. Me er takksame for at han går inn i denne tenesta, og me som kyrkjelyd må hugsa å be for han og familien. Tilsynsmannen vår, Bertil Andersson hadde gudstenesta. Dersom du ynskjer å høyra talen, så finn du den her. Det er oppretta ein Youtubekanal der lydfiler av talar blir lagt ut: DELKDalane.

 

Nytt frå prestefamilien

Me var så heldige og vart foreldre til vesle Levi 10.09.25. Alt gjekk godt, og me gler oss over han. Eg kjem til å ta gradert farspermisjon 20% f.o.m. slutten av oktober. Dåpen av Levi vert 19.10. i Sandnes.

 

Datoar å merka seg framover

12.10. – Gudsteneste

22.10. – SelaTreff klokka 19:30

26.10. – Sundagsmøte der Hans Olav Østebrød talar

15.11. – Bibeltimar ved Bertil Andersson om bergpreika, 11:00 på Brusand bedehus

16.11. – Ordinasjon i Sandnes v. Bertil Andersson

Samtale og sjelesorg
Av og til i livet kan det vera godt å samtala med ein prest. Dersom du har behov for dette så ta kontakt med meg på 994 37 351 eller tage.emil.djoeseland@delk.no.

 Med ynskje om alt godt i Kristus!

Med venleg helsing

Tage Emil Djøseland