Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Leir for born og ungdom i DELK

Her kjem litt info om leir i DELK regi

Har DELK eit leirarbeid? Ja, ikkje her på vestlandet, men dersom du har born som ynskjer å delta på leir med DELK, så er det høve for det. DELK arrangerer leir for 4.-7.-klasse på Solåsen den 4.-7. august. Her er det berre til å ta kontakt med prest eller Lillian Ruth Håkonseth for meir informasjon. Påmelding: DELK Sommerleir på Solåsen 2025 – 4. aug. 2025 – DET EVANGELISK-LUTHERSKE KIRKESAMFUNN

For ungdom blir det arrangert ein leir på Kvitsund 23.-27. juni i eit alderspenn frå 8.-klasse og ut videregående alder. Her er det berre til å melda seg på dersom du har ungdom som kunne tenka seg ein tur til Telemark i sommar. Meir informasjon og påmelding finn du på: Påmelding til Kvitsund 2025 åpen nå! – DELK

Helsing

Tage Emil Djøseland, prest