Me har no nett byrja på oktober. Det er mørkare om kveldane og heimane må varmast opp. På sundag er me komne til 17. sundag i treeiningstida. Denne dagen blir kalla for hausten sin påskedag. Jairus’ dotter blir reist opp. Jesu siger over døden. Ei historie borna fekk høyra om på sundagsskulen førre sundag. Desse tekstane kan anbefalast som ei andakt.
Nokre færre samlingar
Me har no kome i gang med hausten, og me har redusert talet på samlingar. Dette gjer at det stundom er litt lenger mellom kvar gong me møtes. Dersom du har tankar kring dette, gje gjerne tilbakemelding til nokon i styret eller til meg. I slike endringar er det viktig å vita at det er rom for å dela tankar og kjensler kring dette.
Dåpsskule
No er det ikkje lenge til fyrste samling i dåpsskulen, og fleire born er allereie påmeldt. Fyrste samlinga er laurdag 18.10. på Elim frå 10:00-12:00. Her skal me ta føre oss sentrale ting i trua vår, og undra oss over kva som er gitt oss i den heilage dåpen.
Prestemøte og UT-konferanse
Helga 05.09.-06.09. var det fyrst eit felles preste og diakonmøte. Her møtte eg og Ottar Endresen, og det var verdifullt å vera i lag med dei andre prestane og diakonane i DELK. Om kvelden var det ein misjonskonferanse med einskildpersonar frå dei ulike kyrkjelydane, der me fekk høyra om ulikt arbeid som DELK er engasjert i, eller nysgjerrig på. Guds misjon, og korleis me òg er sendt, både lokalt og globalt, var i fokus. Misjonssekretæren vår Andreas Johansson leia det heile. Det er planlagt misjonsturar til Tsjekkia og Tunisia. Me fekk òg høyra meir om satsinga på eitåringsteneste. Ynskjer du meir info om dette? Ta kontakt.
Datoar framover
12.10. – Gudsteneste med Stig Syvertsen
19.10. – Gudsteneste med dåp
26.10. – sundagsmøte med besøk frå Åpne dører
02.11. – gudsteneste i Brekko
Avsluttande helsing
Kyrkja er Kristi kropp. Me er kalla saman med alle dei heilage i heile verda til alle tider. Han som helgar oss, er Kristus og gjev det til oss i gåve. Så kan me bera fram våre liv, våre relasjonar, ulike fellesskap me er ein del av, til Herren i bøn for verda.
Med ynskje om alt godt i Kristus
Tage Emil Djøseland