Velkommen til ordinasjonsgudsteneste for Tage Emil Djøseland 16.11. klokka 11:00 i Nærbø gamle kyrkje.
Ordinasjonen skjer ved tilsynsmann Bertil Andersson. Etter gudstenesta er det middag på Café Jærbuen, men påmeldinga dit er no i utgangspunktet stengt. Det kan likevel ved tidleg melding framleis vera mogleg å koma med der også . Her blir det tid for helsinger og anna.
Ein ordinasjon inneber at presten gjev sine løfte til Gud for tenesta i kyrkja, og blir innsett av tilsynsmannen i teneste. Han lover å vere tru mot Guds ord og kyrkjas vedkjenning, leve etter det og virka til oppbygning og trøyst for kyrkja. Teiknet på dette er at stolaen blir lagt over skuldrene til presten som eit teikn på at han er rettvis kalla til tenesta i kyrkja.

